Ulovleg trening av fuglehund.

Frå tid til annan får Hallingdal Fuglehundklubb (HFK) melding frå jaktleigar/grunneigarar om trening av fuglehund utan løyve i områder eller i nærliggande områder der klubben arrangerar jaktprøver.


For å arrangere jaktprøver er HFK heilt avhengig av eit godt forhold til grunneigarar og jaktleigarar. Oftast får me positive svar frå desse når me ber om løyve til å låne/leige områder til jaktprøver, men med ein kommentar om at ulovleg trening ikkje må forekoma. Klubben har mista terreng på grunn av ulovleg trening. I regelverket (godkjent av NKK) står det i pkt 1.4.1 «…... Også før og etter prøven skal deltakere og tilskuere opptre slik at prøvearrangørens interesser ikke blir skadelidende…..» Dette betyr at trening utan løyve også utanfor prøveterrenga til HFK kan medføra reaksjon frå klubben.

Reaksjonen frå HFK si side er utestengning frå klubben sine aktivitetar for kortare eller lengere tid. Dette gjeld jaktprøver og lokale konkurransar som klubbmeisterkap osb. Det kan få same konsekvens for deltaking på aktivitetar av andre fuglehundklubbar som arrangerar prøver i vårt distrikt (for tida Buskeruds JFF og Vestlandets Fuglehundklubb)

Så ei oppfordring frå Hallingdal Fuglehundklubb er: Sørg for å ha løyve frå grunneigar før du dreg på trening med fuglehunden din!!!!

Levert av